Ein av dei som har spelt ei heilt avgjerande rolle for at Frøyland og Orstad kyrkje blei realisert, er Njaal Fykse. Njaal døydde fredag 17. desember 2021.
Til minne om Njaal og alle dei gode og varige spora han let att etter seg, fylgjer her eit minneord.

Njaal Fykse
(21.03.1934 - 17.12.2021)
Kyrkjebyggjaren, samfunnsbyggjaren og fellesskapsbyggjaren Njaal Fykse er død. Det var med sorg vi tok imot bodskapen om at den gode, milde og venlege mannen som «alltid har vore der» ikkje er i blant oss lenger. Samstundes er vi fylt av ei varm takksemd for alt Njaal har betydd for Frøyland og Orstad kyrkjelyd.
Lenge før nokon hadde begynt å snakka om kyrkjebygg, bar Njaal på ein draum om ei kyrkje i vårt område. Han blei sjølve den viktigaste enkeltpersonen i å realisera den visjonen. Han var den trygge og inspirerande leiaren for kyrkjebyggjinga, som gjennom eitt stort kontaktnett makta å samla og inspirera eit stort team til dugnadsinnsats. Hans visjon var ei kyrkje som var i aktiv bruk heile veka, ei kyrkje der folk i alle aldrar kunne koma saman for å dela tru og byggja trygge og gode fellesskap.
Å byggja ei kyrkje er på mange måtar eit unikt prosjekt. Det dukkar opp overraskingar som kan vera krevjande. Njaal stod alltid støtt i dette. Ingenting blei sett på som problem, berre nye utfordringer som måtte løysast. Gjennom alt synte Njaal ein trufast vilje til å fullføra løpet, og med god hjelp frå eit stort team blei kyrkjebygget fullført.
I samband med vigsling blei det sagt at bygda med kyrkja hadde fått eit nytt smykke. For alle som brukar kyrkja, er kjensla av takksemd nærliggjande når ein får oppleva korleis det unike bygget gjev eit utruleg godt grunnlag anten ein samlast til trusopplæring, samlingar for barn og unge, gudstenester, konsertar eller anna.
Njaal var også levande oppteken av at kyrkja, i tillegg til å vera open og inkluderande, også måtte byggja fellesskap med andre lag og organisasjonar. Slik blei han i fleire år ein pådrivar for felles jonsokfeiring i bygda. Han gledde seg over å sjå at kyrkja kom i aktiv bruk alle dagar i veka. Han var den gode samtalepartnaren som kombinerte det å visa interesse og koma med spørsmål og kommentarar, med det å be og syna omsorg.
Vi har medkjensle med familien som har mista ein bauta i livet. Vi er utruleg takksame for varmen Njaal etterlet deg. Den vil varma lenge. Vi lyser fred over Njaal sitt gode minne.
På vegne av Frøyland og Orstad kyrkjelyd,
Marie Klakegg Grastveit (soknerådsleiar) og Marita T. Gamlemshaug (dagleg leiar)